Litt gjer susen

 Litt gjer susen! www.forskerlivet.no

Litt gjer susen! www.forskerlivet.no

Alle et spinatsmoothie og spring trappeløp. Det er ikkje rart om det å vera sunn og å trena kan verka overveldande, kanskje spesielt for eldre.

I ei ny studie basert på Helseundersøkelsen i Hordaland (HUSK) og det norske dødsårsaksregisteret har me funne at folk som trener har lågare risiko for å døy. Saka er og publisert i Bergens Tidende. Det er kanskje gamalt nytt, men det som er spanande i denne studien er at det ser ut som om det er svært lite som skal til.

I studien følgde me over 20000 Hordalendingar frå dagen dei deltok i helseundersøkelsen til dei døydde, eller til slutten av studien, 15 år seinare. Me fann at spesielt blant eldre, dei som var 70-74då dei deltok i HUSK, var risikoen for å døy markant lavare blant dei som var aktive. Og her kjem me til det fine. No snakkar me ikkje om dei som var 2,5 timar på body-pump før soloppgang. Me snakkar om heilt vanlege folk, folk som kanskje tuslar seg ein tur i ny og ne. Dei som er litt aktive.

Me fann nemleg at samanlikna med dei som var aktive mindre enn ein time i veka, hadde dei som var aktive i minst ein time i veka lågare risiko for å døy – også når denne timen med aktivitet ikkje ein gong førte til sveitting eller tungpust. Tenk det! Sjølvsagt er det bra å ta seg ut, å gje på, sveitta og styra. Men dersom ein ikkje får seg til det, skal ein likevel vita at ein gjer noko lurt og bra om ein syklar seg ein runde, eller går ein tur etter posten eller rundt på næraste tursti. Det ser jammi ut til å gjera susen, det og:)

5. mai 2017,

Solbjørg Makalani Myrtveit Sæther

Subscribe to Forskerlivet! by Email
Posted on May 5, 2017 .