Litt om at det ikkje alltid er konge

I dag skriver en dyktig 29-årig forsker som bor i Bergen på forskerlivet.no! Makalani Myrtveit er lege og PhD-stipendiat på Klinisk insitutt 2 ved Universitetet i Bergen. Hun forsker hovedsakelig på kroniske smerter etter whiplashulykker, men er også involvert i prosjekter om muskel- og skjelettsmerter hos ungdom. I sommer fikk hun en pris for artikkelen "Adolescent Neck and Shoulder Pain—The Association With Depression, Physical Activity, Screen-Based Activities, and Use of Health Care Services", publisert i Journal of Adolescent Health. Jeg, Karin, var så heldig å treffe henne på EPINORs sommerskole i Tromsø i juni. Vi brenner begge for en mer levende forskningskommunikasjon, og samarbeider om dette og epidemiologiske forskningsmetoder gjennom EPINOR. På sikt er målet mitt med denne bloggen å få flere til å skrive om forskerlivet og sin egen forskning innen muskel- og skjelettsmerter. Ta Makalani godt i mot, så er sjansen stor for at også hun vil fortsette å blogge :) 

Eg er utruleg glad i jobben min. Å sitja på kontoret, å laga tabellar og skriva om dei, å henta fersk kaffi og så setja seg og skriva litt meir, å submitta manus, å få rewiev-tilbakemelding og å jobba med det.. alt! Eg kosar meg! Men av og til buttar det. Problemet er at ein ikkje merkar at det av og til buttar for andre og. Ein ser jo berre suksessane til hine. Medan artikkellistene, posterane og kronikkane er opne og ute, skjer motgangen ofte innanfor stengt kontordør. Når ein tenkjer på alt som går gale, ser ein berre sin eigen ”fail”. Difor dette innlegget. 

Altså. Kom på jobb, klar for innsats. Skulle berre ha ein tidleg-morgon-kaffikopp først. Gjekk inn på kjøkkenet. Det var oppvask over alt. Eg ville helst berre gå. Har prøvd å sjå kva som skjer om eg ikkje ryddar. Berre ikkje bry meg og venta til nokon andre tar det. Men no bryr eg meg. Dette er for mykje. Så eg tek det, og ryddar og ordnar.

Så kjem eg inn på kontoret igjen. Har fått svar på eposten der eg spurde min einaste medforfattar om me kan submitta artikkelen snart - den er jo ca ferdig. Viste seg at eg hadde gløymt at det skulle vera fleire folk med. Inkludert ein statistikar. Så der. Tilbakemelding frå statistikar, tre syntaxfiler og oppskrift til å laga over 40 sider med grafar som skal tolkast for å sjå om alt er ok i dataane. Sikkert kjempegreier, tippar artikkelen kjem til å bli betre. For all del, forstår jo det. MEN! Utruleg vanskeleg å setja pris på akkurat der og då.. Eg er sint på meg sjølv for at eg ikkje skaffa slik tilbakemelding for 8 mnd sidan. Og eg skjønar ingenting. Plottar og styrer, får graf på graf med skyer og strekar.

Brukar timevis på å jobba med dette. Sender fil med grafane tilbake og spør om litt hjelp. Viser seg at eg har misforstått ca alt. Tenkjer at eg vil ha kaffi. Går på kjøkkenet. Der har det kokt kaffi ut over heile kanna, kaffitraktaren og bordet.

Ein kan sei kva ein vil, at artiklane vert nok betre av alle feilane me gjer og alt rotet, at ein lærer av det. Ein annan dag kjem eg nok til å tru på det. Men akkurat når det skjer.. Då syns eg berre ganske synd i meg sjølv, og skulle ynskje at i alle fall noko av det var nokon andre sin feil ;p Og går heim. Etter å ha tapt mot sjefen i fussball. Forskarlivet <3 <3 Blanke ark i morgon. 

Subscribe to Forskerlivet! by Email
Posted on October 7, 2014 .