”Når eg drikk, drit eg i alt! Og alle diggar det!” .. eller?

 Makalani Myrtveit og medforfattere har nylig publisert en interessant studie om risikofylte drikkevaner i unge voksne, og her får du et sammendrag. Les om Makalani på  Om oss-siden  :) www.forskerlivet.no

Makalani Myrtveit og medforfattere har nylig publisert en interessant studie om risikofylte drikkevaner i unge voksne, og her får du et sammendrag. Les om Makalani på Om oss-siden :) www.forskerlivet.no

Studentar som tok del i fadderveka som nye studentar drikk meir enn andre, og rapporterer oftare risikofylte drikkevanar. Dette viser ei ny studie som kollegaar og eg nett har publisert i Nordic Studies on Alochol and Drugs. Studia er basert på den norske studentundersøkelsen SHoT (Studentenes helse- og trivsels-undersøkelse, 2014).

Drikk du mykje i fadderveka, er sjansen stor for at du vil drikka mykje seinare og

I vår studie var samanhengen mellom deltaking i fadderveka og risikofylt drikking til stades blant nye studentar – men også blant studentar som hadde studert i fleire år. At dei som drikk mykje under introduksjonsarrangement og tidleg på studiet også drikk meir seinare er bekrefta i forsking frå New Zealand og Storbritannia. Saman indikerer desse studiane at høgt alkoholkonsum under fadderveka ikkje kan sjåast på isolert – det heng saman med drikkevanar langt utover dei første vekene som student.

Men kvifor er det slikt? Betyr samanhengen mellom deltaking i fadderveka og drikkevanar berre at dei som likar å drikka mykje deltek meir? Betyr det at det er vanskeleg å delta for studentar som ikkje drikk, eller drikk mindre? Eller kan det tenkjast at fadderkveka kan påverka stundetar sine haldningar og alkoholvaner?

Me drikk ca så mykje som me trur dei andre syns me bør

Generelt har folk har ein tendens til å tilpassa seg det dei opplever som gruppe-normen. Dette gjeld også alkoholvaner; dersom folk drikk mykje rundt oss, vil også me drikka meir. Også studentar tilpassar seg til haldingane og drikkevanane til medstudentar. Sånn sett kan det tenkjast at det å møta nye studentar med eit arrangement med stort alkoholfokus faktisk kan påverka studentar til å drikka meir enn dei elles ville ha gjort, også etter arrangementet.

Fleire studiar har i tillegg vist at studentar har ein tendens til å overestimera drikkevanar blant medstudentar: Studentar trur at andre har meir liberale haldingar til alkohol enn dei faktisk har, og at dei drikk meir enn dei faktisk gjer. Dei trur og at andre studentar syns «problemoppførsel» og «rølp» er kulare enn det dei sjølv syns. Når ein så prøver å tilpassa seg denne overestimerte drikkenormen kan ein enda opp med ein drikkekultur dei fleste ikkje syns om.  Ein kultur der dei fleste syns det vert drukke for mykje - men trur at dei andre syns det er topp - og så drikk ein mykje sjølv og.

Alkohol – heilt vanleg og likevel ikkje alltid heilt ok

For mange er det å drikka alkohol i sosiale samanhengar ein vanleg og viktig del av det å vera student. Dei fleste reduserer alkoholvanane sine seinare og vil ikkje bli avhengige eller utvikla alkoholrelaterte plager eller sjukdomar. Likevel kan høgt alkoholinntak blant studentar vera bekymringsverdig. Akutt rus kan setja deg i risiko for skader, ulukker og uønskte seksuelle opplevingar.  Vår studie viser og at studentar som rapporterer risikofylte drikkevaner oftare enn andre har stroke meir enn ein gong til eksamen. Vidare kan alkoholfokuset blant studentar verka ekskluderande for dei som ikkje drikk.

Når me finn samanheng mellom å delta i fadderveka og riskiofylt drikking bør me tenkja oss om. Bidrar arrangementet til at studentar tilpassar seg ein alkoholkultur som er våtare enn den elles ville vore? Eller kan samanhengane forklarast fordi studentar som drikk meir også deltek meir – medan dei som ikkje drikk så mykje føler seg ekskludert? Uansett retning bør studentar vera bevisste på desse samanhengane. Kanskje kan dei sjølv, og i samarbeid med universitetsleiinga, finna ut korleis dei best kan hanskast med desse utfordringane, og korleis fadderveka kan organiserast for å behalda det kjekke og inkluderande, men samstundes unngå eit uheldig fokus på alkohol.

28. oktober 2016,

Makalani Myrtveit

Subscribe to Forskerlivet! by Email
Posted on October 28, 2016 .