Når ein skal vera litt frampå

 Sjå ei digital forteljing om smerter blant ungdom, laga av forskar Makalani Myrtveit her!  https://vimeo.com/221883683  , www.forskerlivet.no

Sjå ei digital forteljing om smerter blant ungdom, laga av forskar Makalani Myrtveit her! https://vimeo.com/221883683 , www.forskerlivet.no

Sånn reint formidlingsmessig, kan ein plutseleg havna på workshop i ”digitale fortellinger”. Digitale forteljingar er noko eg ikkje visste kva var for noko, men som viste seg å vera langt utanfor komfortsona, og som – kanskje – kan verta veldig nyttig?

Eg forskar på ungdomshelse. Å fenga ungdom med ny forsking er lettare sagt enn gjort. Så no har me hive oss rundt i håp om å fornya oss litt. Digitale forteljingar består av to til tre minutt lange lydopptak der ein fortel om for eksempel forskingsresultat. Så legg ein på bilete og kanskje til og med freshe overgangar og lyd. Tanken er at dette formatet kan nå folk på det breie betre enn powerpointpresentasjonar og ”populær”-vitskepelege kronikkar.

Mi forteljing handlar om smerter hjå ungdom, basert på ein nyleg publisert artikkel om diffuse plager, og ein tidlegare artikkel om nakkesmerter. Det viktigaste for meg etter desse studiane var å formidla at det å ha vondt både her og der er veldig vanleg – og som oftast heilt ufarleg. Sjå filmen her!

Utfordringa var å få sagt dette på ein ikkjemoraliserande og helst lite klein måte. Det tok dagevis. På kurs med Uni Helse og Jazzmontørene. Me var mange som prøvde å få sagt noko, og mange som måtte kasta alle utkast me hadde laga på førehand. Me sette oss i grupper og tankemyldra. Så laga me nye tekstar og las dei for kvarandre før me tok dei opp med mikrofon og greier. Trauste forskarar putla med eigen stemme og eigne bilete i iMovie. Og så var me der! Urpremiere og bamsemoms. Og godt nøgde med oss sjølv.

Men funkar dette?! Det veit me vel ikkje enno. Men me har prøvd. Og her har de filmen. Så kan de sjå sjølv kva de syns. Og om dette kan vera noko for dykk? Så hadde det jo gjort seg om all denne tida utanfor komfortsona kunne bidra til å betre nå ungdom –dei det faktisk ofte handlar om.

27. juli 2017, Makalani Myrtveit                                                                                                        

Subscribe to Forskerlivet! by Email
Posted on July 27, 2017 .